Kortversjon av Regional plan for klima 2022-2035

Her vil du finne klimaplanen sine målformuleringar, skildring av korleis vi skal gjere det i Vestland og retningslinjer for planlegging.


Du sit no med kortversjonen til Vestland sin fyrste klimaplan. Regional plan for klima 2022-2035 blei vedtatt i fylkestinget 15. desember 2023. Gjennom planen stadfestar fylkestinget ambisjonen om å vere ein pådrivar for klimaomstilling i Vestland, og i verda. Tida er knapp og utfordringane er store, men me må gjere jobben og søkje moglegheitene. Planen set den strategiske retninga for klimainnsatsen i Vestland, og synleggjer viktigheita av at vi samarbeider for å løyse utfordringane vi står ovenfor. Kortversjonen er ment å gi eit innblikk i dei tema planen tek føre seg, og inneheld målformuleringane, «slik gjer vi det i Vestland» og retningslinjene.

Denne kortversjonen skal vere ein introduksjon til den regionale planen. Dei politisk handsama dokumenta er lenka i knapp over.


Redusere direkte klimagassutslepp

Vestland reduserer direkte klimagassutslepp med mål om netto nullutslepp innan 2030*.

*Målet gjeld både kvotepliktig og ikkje-kvotepliktig sektor


Deltema transport

I Vestland har vi eit effektivt transportsystem basert på låg- og nullutsleppsløysingar og berekraftig mobilitet

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi legg til rette for eit klimavenleg transportsystem gjennom samordna areal- og transportplanlegging, som reduserer transportbehovet og gjer det enkelt å velje kollektivtransport, sykkel eller gange.
  • Vi legg til rette for delingsmobilitet som kan redusere behovet for privat bilhald.
  • Vi skal vere pådrivar og iverksette låg- og nullutsleppløysingar innan mobilitetstenester, gjennom offentlege innkjøp,  innføring av nye teknologiske løysingar, og etablering av infrastruktur.
  • Vi legg til rette for overgang til låg- og nullutslepp for alle transportformer, både på veg, i sjø og innan luftfart. 
  • Vi vektlegg omsynet til naturen i arealplanlegging, og så langt som råd unngå å øydelegge område som er viktig for biologisk mangfald.
  • Vi reduserer klimagassutslepp frå planlegging, bygging, drift og vedlikehald av veginfrastruktur.

 

Deltema: Energieffektivisering

Vestland brukar elektrisitet og varme effektivt og reduserer energibruken

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi bidreg til at vi når nasjonalt mål om 10 TWh energieffektivisering i eksisterande bygg
  • Vi nyttar energieffektivisering aktivt i arbeidet med klimaomstilling for å frigjere energi til andre klimatiltak.
  • Vi gjennomfører energieffektiviseringstiltak i eksisterande bygningsmasse.
  • Vi samarbeider med forskings- og utdanningsinstitusjonane i regionen for å sikre kunnskap om framtidas løysingar og arbeider aktivt for å dele dei gode døma.
  • Vi legg til rette for desentralisert energiproduksjon, og energipositive bygg og nabolag i heile Vestland.
  • Det offentlege går føre og etterspør og nyttar seg av energieffektive løysingar i drift og stiller krav til energieffektivitet i nye innkjøps- og anbodsprosessar.

 

Deltema: Klimavennleg Landbruk

Eit berekraftig og klimasmart landbruk i Vestland som styrker og utviklar matproduksjonen

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi samarbeider for å utvikle og ta i bruk løysingar i tråd med Landbruket sin klimaplan 2021-2030.
  • Vi legg til rette for at alle gardsbruk i Vestland tek i bruk klimakalkulator og klimarådgjeving.
  • Vi arbeider for å auke bruken av lokale ressursar i landbruket.
  • Vi stimulere til grøn utvikling gjennom forsking og innovasjon.
  • Vi er eit føregangsfylke innan jordvern, og jordvern er eit overordna omsyn i arealplanlegginga.
  • Arbeide for at landbruket tek sin del av ansvaret for å sikre biologiske mangfald, og ta vare på kulturlandskapet og matjorda.
  • Vi jobbar for at skogbruksnæringa kan auke verdiskaping og vidareforedling på ein berekraftig og klimaansvarleg måte.

Deltema: Berekraftig næringsutvikling

Eit næringsliv i Vestland med netto nullutslepp i 2030

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi reduserer dei største punktutsleppa frå industrien i tråd med målet om netto nullutslepp av klimagassar.
  • Vi bygger innovativ infrastruktur.
  • Vi er pådrivar for å utvikle grøne næringar og nye grøne klynger og hubar, basert på regionale fortrinn.
  • Vi styrkar dei sirkulære forretningsmodellane regionalt med industriell symbiose og berekraftig bruk av ressursane.
  • Vi tek i bruk nye styringsverktøy for å oppnå netto nullutslepp.
  • Vi stimulerer til lokal og regional innovasjon, klimavenleg næringsutvikling og redusert klimarisiko gjennom offentlege anbod og innkjøpsprosessar.
  • Vi støttar utvikling av teknologi for karbonfangst, - utnytting og - lagring.
  • Vi arbeider for at næringsutvikling skjer på ein måte som ivaretek det biologiske mangfaldet, og tek vare på matjorda.

Redusere klimafotavtrykket

Vi reduserer klimafotavtrykket vårt ved å ta vare på ressursane våre gjennom sirkulære løysingar, redusert materielt forbruk og avfall

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi kjenner klimafotavtrykket vårt, og tek ansvar for å redusere det 
  • Det offentlege gjennomfører klimavenlege og innovative innkjøp av varer og tenester med lågt klimafotavtrykk.
  • Vi fremjar klima- og miljøleiing i offentlege og private verksemder, gjennom bruk av nettverk og etablerte verktøy, inkludert klimarekneskap.
  • Vi styrkar tverrsektorielt samarbeid for å avdekke gode forretningsmogelegheiter for produkt og tenester med lågt klimafotavtrykk.
  • Vi aukar materialgjenvinninga og reduserer avfallsdeponering til eit minimum. Vi arbeidar for at lov og forskrift tillèt gjenbruk og materialgjenvinning i størst mogleg grad.
  • Vi legg til rette for lokale dele-, låne- og gjenbruksordningar.
  • Vi tek godt vare på det vi har, gjennom vedlikehald, reperasjon, ombruk og transformasjon, både av produkt og bygningsmasse.
  • Det offentleg går føre med berekraftig utbygging ved bruk av eksisterande bygningsmasse, ombruk, transformasjon og val av material med lågast mogeleg klimafotavtrykk.


Trygt og robust Vestland

Ein trygg plass å bu og eit klimarobust samfunn som er førebudd på konsekvensar av klimaendringane

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi utviklar klimarobuste lokalsamfunn som kvar for seg, og saman, er budd på konsekvensar av klimaendringar. Samfunnstryggleik og beredskap inngår som ein viktig del av dette.
  • Vi samarbeider med forskingsmiljø på klima i regionen for å utvikle kompetanse og kunnskap for å redusere klimarisiko.
  • Vi sikrar berekraftig klimatilpassing, som legg føre-var-prinsippet til grunn for å unngå negative konsekvensar av klimaomstilling.
  • Vi tek styring i klimaomstillingsarbeidet og reduserer fysisk klimarisiko gjennom heilskapleg og trygg planlegging, der vi tek i vare og bevarer natur, og naturbaserte løysingar vert prioritert.
  • Vi gir vatnet meir plass, restaurerer vassdrag og betrar forhold for biologisk mangfald, for ein framtid med meir nedbør.
  • Vi tek grep for å klimatilpasse matproduksjonen og drikkevassforsyning, for trygg forsyning for innbyggjarane.
  • Vi sikrar og tilpassar veg og infrastruktur til dagens og framtidige klimaendringar.
  • Vi byggjer flaumtunellar der det å ta vatn ut av vassdrag er einaste utveg for å sikra infrastruktur og samfunn nedstraums.

Sikre naturmangfald

Gjennom god kunnskap tek vi vare på naturen sitt mangfald for å redusere klimarisiko

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi jobbar aktivt for å utvikle kommunale og regionale arealrekneskap som verktøy i klimaomstillinga​.
  • I Vestland har vi god oversikt over dei karbonrike areala våre og kommunane kjenner karbonbindingsverdien i desse. 
  • Vi utviklar ein arealpolitikk som bidreg til eit arealnøytralt fylke, der allereie utbygde areal vert prioritert brukt i staden for å byggja ned natur, dyrka og dyrkbar mark. ​
  • Vi unngår tap av viktige natur-, landskaps- og kulturverdiar, nedbygging av karbonrike areal og artsrike naturtypar i møte med klima- og naturkrisa. ​
  • I planprosessar vert potensielle område for restaurering av naturområde identifisert.
  • I Vestland nyttar vi naturen sine økosystemtenester for klimaregulering og beskyttelse mot ekstremvêr. Vi skal prioritere naturbaserte løysingar når vi klimatilpassar oss. ​
  • Kystlyngheiane vert teke i vare gjennom berekraftig skjøtsel, og  tradisjonelle landbruksmetodar.


Klimarettferd og folkehelse

Vestland er ein pådrivar for ei rettferdig klimaomstilling til det beste for innbyggjarane i dag og i framtida

Slik gjer vi det i Vestland

  • Vi bidreg til å løfte fram og prioriterer viktige samfunnsmessige koplingar mellom klimarettferd og folkehelsearbeid.
  • Vi går føre gjennom å prioritere klimatiltak som fremjar folkehelse og klimarettferd i samfunnsutviklinga.
  • Vi vurderer dei sosiale konsekvensane av klimatiltaka våre.
  • Vi tileignar oss meir kunnskap om klimarettferd og indirekte helsekonsekvensar av klimapolitikk og tiltak.
  • Vi involverer befolkninga breitt for å identifisere behov når vi utviklar målretta og gode klimatiltak.
Bilete av ein gut med ryggen til i hvit, svartprikket strikkagenser som ser utover ein skjærgård i solnedgang.

Retningslinjer for planlegging i Vestland

Retningslinjer er spelereglar som seier kva som er venta av regional og kommunal planlegging i Vestland for å sikre oppfølging av måla i klimaplanen. Retningslinjene er utarbeida basert på innspel i medverknadsprosessen, overordna føringar og  retningslinjer for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing  (nettside). Legg merke til at retningslinjene er nummerert frå 1-23 i den originale planen, på side 34 og 35.

Redusere direkte klimagassutslepp

Transport

  • I utviklinga av byar og tettstadar i Vestland skal det bli lagt til rette for redusert transportbehov og fossilfrie transportformer.
  • I regionale og kommunale planar skal det leggast til rette for at fleire skal kunne gå og sykle i staden for å nytte bil.
  • I kommunal planlegging bør det planleggast med areal og plassering av energistasjonar for nullutsleppskøyretøy.
  • I kommunal og regional planlegging av hamner og kaianlegg bør det leggast til rette for nok areal til landstraum og energistasjonar til fartøy.

Energieffektivisering

  • Regional og kommunal planlegging skal leggje til rette for effektiv bruk av fornybar energi i bygningsmassen.

Klimavenleg landbruk

  • Regional og kommunal planlegging skal sikre at jordvern blir eit overordna omsyn i arealplanlegginga.

Berekraftig næringsutvikling

  • I regional og kommunal arealplanlegging skal ny utbygging skje på ein skånsam måte som tek i vare naturressursane, biologisk mangfald og dei nasjonale jordvernmåla. Næringsutvikling bør bli prioritert på allereie utbygde areal, for å sikre berekraftig bruk av naturressursar og dyrka jord.

Redusere klimafotavtrykket

  • Regional og kommunal planstrategi og kommuneplanen sin samfunnsdel bør inkludere status på klimafotavtrykket og vurdere behov for oppdatert kunnskap, planar eller tiltak for å redusere dette.
  • Ved rehabilitering og nybygg bør det nyttast byggematerial med lågast mogleg klimafotavtrykk i eit livsløpsperspektiv.

Trygt og robust

  • Klimaendringar skal inngå som vurderingstema i regional og kommunal planlegging, der høge alternativ frå nasjonale klimaframskrivingar vert lagt til grunn.
  • I arbeidet med kommuneplanen sin arealdel skal det vurderast om det er behov for oppheving eller revisjon av gjeldande reguleringsplanar,  for å sikre at samla arealdisponering tek i vare omsynet til eit klima i endring  (nettside).
  • Regionale og kommunale planar bør identifisere og handtere ulike former for klimarisiko i si planlegging. 
  • Regional og kommunal planlegging skal ta høgde for eit endra klima og redusere fare for skader knytt til auka nedbør, flaum og havnivåstiging. Dette ved å unngå arealinngrep nær bredda av vassdrag, bekkar, sjø og i strandsona, og sikre areal til overvasshandtering. (For meir detaljerte retningsliner for overvasshandtering, sjå  Regional plan for vassforvaltning for Vestland vassregion 2022-2027  (nettside) og NVE sin rettleiar for handtering av overvatn (pdf).)
  • Kommuneplanen sin samfunnsdel skal innehalde overordna vurderingar av om klimaendringane påverkar planen sine langsiktige utfordringar, mål eller strategiar.
  • I område med infrastruktur og bustader som er utsett for skred og erosjon bør det gjennom planlegging vurderast å setje av område til vernskog.
  • I regional og kommunal planlegging skal naturbaserte løysingar for klimatilpassing prioriterast der dette er mogeleg.

Sikre naturmangfald

  • Vi bør unngå utbygging på karbonrike areal, som myr, våtmark og skog. Om tilstrekkelege kartleggingar ikkje er gjort skal føre-var-prinsippet leggast til grunn (jf. Naturmangfaldlova §9).
  • Kommunar bør kartlegge økosystem og karbonrike areal med funksjon for klimatilpassing og opptak av CO 2 .
  • I arbeidet med kommuneplanen sin arealdel skal det vurderast om det er behov for oppheving eller revisjon av gjeldande reguleringsplanar, for å sikre at samla arealdisponering tek vare på karbonrike areal, dyrka og dyrkbar mark, og viktig naturmangfald.
  • I regionale og overordna kommunale planprosessar skal potensielle område for restaurering av naturområde identifiserast og vurderast.
  • Kommunar bør utarbeide arealrekneskap som grunnlag for kommuneplanen sine arealstrategiar og arealdel.

Klimarettferd og folkehelse

  • I regionale og kommunale planprosessar som omhandlar klimaomstilling bør sosiale og helsemessige konsekvensar av tiltaka bli vurdert, samt omsynet til menneske med nedsett funksjonsevne.
  • I kommunal og regional planlegging bør det leggast vekt på gode heilskaplege løysingar og ta i vare økosystem og arealbruk med betydning for klimatilpassing som bidreg til auka kvalitet i uteområda.

Illustrasjon av barn farget blå med ryggen til. Skygger av dem i framtiden står foran dem i hvitt.

Framtidas nullutsleppsgenerasjon. Illustrert av Inga Ellingsgård - VILL

Framtidas nullutsleppsgenerasjon. Illustrert av Inga Ellingsgård - VILL