Grøn skattekiste for klimaomstilling

Bli ein klimahelt i Vestland fylke! Her er tips og tiltak for at kommunen din kan bli ein aktiv deltakar i reisa mot ei grønare framtid.

Gut som les orienteingskart i ein skog

Vestland har mål om å vere ein ansvarleg pådrivar for nullutsleppssamfunnet. Vi tek ansvar og set ambisiøse klimamål, men no må vi omsette ord til handling.

Klimautfordringane er samansett og må bli løyst i fellesskap. Klimaomstilling krev ei samfunnsendring der vi både reduserer klimagassutsleppa, tek vare på naturmangfaldet, samstundes som vi tilpassar oss til dagens og framtida sitt klima. Målet er å skape ei berekraftig og klimarobust framtid der vi legg klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling.

Under vil du finne forslag til klima- og naturtiltak innan prioriterte tema. Inndelinga er lik dei prioriterte plantema i  Regional plan for klima 2022-2023  (pdf) og tilhøyrande  handlingsprogram for 2022-2025 (pdf) .

Samarbeid

Løysingane på klimautfordringane ligg på tvers av sektorar og ansvarsområde. Berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla gjeld for klimaomstillinga, som resten av berekraftsarbeidet.

  • Samarbeid med andre kommunar om tiltak, søknadar og ressursar t.d.   Klimasats (nettside) 
  • Delta aktivt i nettverk og samarbeid, t.d.  Klimapartnere Vestland (nettside)  eller  Vestland fylkeskommune sitt klimanettverk (for administrasjonen)
  • Samarbeid med frivillige organisasjonar i kommunen for å nå måla, eks. bygdelag, idrettslag, kulturlag, mfl.
  • Samarbeide med landbruks- og næringsorganisasjonar for å støtte dei i ei berekraftig omstilling.
  • La innbyggarar spele inn gode tiltak og samarbeid for å gjennomføre dei

Kommuniser tiltak og mål

  • Ved lansering av ambisiøs målsetning for kommunen som nullutslepp 2030 – ha gjerne ei markering for å mobiliserer alle aktørar; verksemder, befolkning, skuleelevar og andre
  • La innbyggarar spele inn gode tiltak og samarbeid for å gjennomføre dei.
  • Framhev og framsnakk gode, grøne eksempel frå eigen region og kommune.
En gruppe mennesker med Renate Nedregård i front, foran et hus med pride flagg hengende på veggen.

Klimapartnere Vestland er Vestlands største partnerskap av store og små virksomheiter fra offentlig og privat sektor og akademia, som skal vere pådrivare i det grøne skiftet. Bilde er fra signeringsmøte i juni 2021.

Direkte klimagassutslepp

Under er forslag til tiltak som kan bidra med å redusere direkte utslepp av klimagassar i kommunen

Klimamål og leiing i kommunen

  • Set ambisiøse klimamål; mål om nullutslepp innan 2030
  • Planlegg å fase ut alle fossile utsleppskjelder innan 2030
  • Forankre klimamåla: Sikre at alle i kommunen sin organisasjonen jobbar for å nå klimamåla, på tvers av sektorar
  • Ha jamlege klimamøter der alle einingar er representert
  • Still klima- og miljøkrav i kommunale tilskotsordningar
  • Vurder påverknad på klima og natur i politiske saker
  • Plasser fond og investeringar i grøne fond og pensjonsordningar, sjå  Etisk Bankguide (nettside) 
  • Stimuler til grøn omstilling i alle selskap med kommunal eller interkommunalt eigarskap
  • Involver ungdomsrådet i politiske saker om deira framtid

Planlegging og arealbruk i kommunen

  • Sikre at klimaarbeidet vert prioritert i kommuneplan eller kommunedelplan
  • Vurder om det er behov for oppheving eller revisjon av gjeldande reguleringsplanar i kommuneplanen sin arealdel, i lys av klimaendringane
  • Sikre sterk kopling mellom handlingsplan og økonomi- og budsjettarbeidet for å sikre gjennomføring av tiltak. Klimabudsjett er eit godt styringsverktøy
  • Legg til rette for fortetting, transformasjon, gjenbruk og sambruk av bygg og areal
  • Ny arealbruk bør ikkje auke transportmengda

Klimagassutslepp knytt til bruk og endring i kommunen sitt arealbruk, går ikkje under direkte utslepp, men rapporteres under « Utslipp og opptak fra skog og arealbruk » (nettside) i miljødirektoratets klimagassrekneskap. Fortsatt anbefaler vi at kommunene vurderer og reduserer klimaeffekten av arealbruken sin, gjennom følgjande punkter

  • Utarbeide arealrekneskap
  • Sett mål om arealnøytralitet
  • Kartlegg økosystem som er viktig for klimatilpassing
  • Ta vare på karbonrike areal
  • Identifiser og restaurer naturområde
  • Reduser klimagassutslepp frå arealbruksendringar

Kontakt din kommune sin plankontakt i Vestland fylkeskommune for rettleiing knytt til planlegging -  Oversikt over kontaktpersonar finn du her  (nettside)

Bilete av Sogndal sentrum

Sogndalsfjøra fra lufta med ulike dømer på arealbruk, t.d. bustader, landbruk, vidaregåande skule, parkering, fritidsareal og grøne arealer.

Transport og mobilitet

  • Legg til rette for utsleppsfri mobilitet
    • Reduser transportbehovet i kommunen gjennom samordna bustad-, areal- og transportplanlegging
    • Fokuser på gang- og sykkelvegar, sykkelparkering og energistasjonar til syklar, personbilar, tunge køyretøy og båtar
  • Legg til rette for samskjørsel og deleordningar som
    • Mikromobilitet, t.d. leige av elsykkel frå busstopp til heim
    • Lokale shuttlebussar mellom tettstader, i bustadfelt og til butikkområder
    • Deleordningar av elbilar, elmoped og elsyklar i sentrale knutepunkt
    • Samkøyring og møteplassar i sentrale knutepunkt
  • Bilparkering og parkeringspolitikk
    • Reduser antall parkeringsplasser, opprett tidsbegrensing, betaling og beboerlisens
    • Vurder heilskapleg totalbehovet for parkeringsplassar og den alternative arealbruken (Kollektiv knutepunkt, grøne areal, møteplassar osv.)
    • Inkluder CO2 utslepp ved anlegg av parkeringsareala i vurdering av parkeringsløysingar
    • Ta aktiv stilling til normer rundt parkering ved nybygg 
    • Tydeleg kommunikasjon og merking om parkeringsreglar
    • Prioriter innfartsparkering ved kollektivknutepunkt, samkjørselsplassar og delebilsplassar
    • Reserver p-plassar til utsleppsfri køyretøy og ladeinfrastruktur
  • Fas ut alle fossile køyretøy innan 2030
Ein mann og ein gut sykler med ryggen mot kameraet

Det er viktig å leggje til rette for syklande og gåande i sentrumsplanlegging.

Energieffektivisering


Klimavennleg landbruk

  • Les og følg   Landbrukets sin klimaplan 2021-2030 (nettside)  og Vestland fylkeskommune sin  temaplan for landbruk 2023-2027 (nettside) 
  • Ta i bruk klimakalkulator og klimarådgiving
  • Sikre at jordvern er eit overordna omsyn i arealplanlegging og unngå å bygge ned dyrka og dyrkbar mark
  • Arbeid for at landbruket tek ansvar for å sikre biologiske mangfald, og tar vare på kulturlandskapet og matjorda
  • Vurder landbruket sin klimarisiko
  • Legg til rette for lokal matproduksjon t.d. urbant landbruk og småskala grønsaksproduksjon
  • Jobb for at skogbruksnæringa kan auke verdiskaping og vidareforedling på ein berekraftig og klimaansvarleg måte
mann i oransje regnjakke står blant fruktre

Her på Steinstø Fruktgard i Hardanger.

Berekraftig næringsutvikling

  • Legg til rette for samarbeid for grøn omstilling gjennom klyngar og hubbar
  • Fremje klima som tema på eksisterande areaner og møterplassar for næringslivet
  • Still klimakrav i utlysing og løyvingar frå t.d. næringsutviklingsfond
  • Satse på sirkulære forretningsmodeller med industriell symbiose og gjenbruk av ressursar.
  • Stimulere til auka reperasjon og gjenbruk
  • Fremje og sjølv nytte seg av lokalt reiseliv og lokal mat
  • Framsnakke grøne bedrifter og vise fram gode dømer
  • Stimuler til innovasjon gjennom gjennomføring av innovasjonskonkurranse lokalt
  • Kommunen kan søke midlar saman med næringslivet
  • Stimuler til at lokale verkemder miljøsertifiserer seg

Fotavtrykk og forbruk

Vi skal omstille vårt tankesett og vaner. Tenk nytt og kreativt. Kan vi bruke igjen, kjøpe brukt eller lokalt? Eller kan vi utnytte innovative innkjøp for å utvikle klimaløysingar for framtida?

Tiltak og verkemidlar retta mot innbyggarane sine fotavtrykk kan ein finne i Vestlandsforsking sin rapport  Forbruksutslipp og norske kommuner | Vestlandsforsking (nettside) 

Kommunen sine innkjøp

  • Lag ein grøn innkjøpsstrategi:
  • Stil krav til nybygg
    • transformer eldre bygg framfor nybygg
    • prioriter sirkulære løysingar
    • streb etter fossilfri bygg og anleggsverksemd
    • prioriter endringsmogleheit, ombruk og LCC-analysar av bygget
    • bruk fossilfri materialer og energi og prioriter material med lang levetid
    • Streb etter passiv- og plussbygg

Sirkulære løysingar

  • Innfør tiltak og gjennomfør sirkulære innkjøp som fremjar sirkulær økonomi, t.d. reparasjon, deleordning, gjenbruk av produkt, materialar og masser
  • Legg til rette for lokale dele-, låne og ombruksordningar
  • La kommunens avfallshandtering ha god kildesortering og gjenbruk av avfall
  • Lag en strategi eller plan for gjenbruk av reine masser i kommunale prosjekt
  • Gjenbruk møbler, interiør og bygningsmassar i kommunale bygg
QR kode på undersiden av ein raud stol

Interne rutiner for gjenbruk av møbler bidreg til å redusere indirekte klimagassutslepp. Her blir møblane på tidlegare fylkeshus på Sandsli merket med ein QR-kode som er registert i Loopfront, ein database for sirkulærøkonomi.

Klimarisiko og -tilpassing

På Vestlandet er det auka frekvens og omfang av ekstreme naturhendingar, m.a. flaum, stormflo, overvasshendingar og ulike typar skred. I tillegg vil frekvensen av ekstrem tørke og hete auke. Vi må difor tilpasse oss eit klima i endring, både i dag og i framtida.

Meir informasjon om klimarisiko for kommunar finn de i rapporten:  Klima, risiko og bærekraftig utvikling i norske kommuner (pdf) 

Fysisk risiko

Fysisk risiko er risiko knyta til effektane og konsekvensane av klimaendringar. Dersom ekstremvêr vil skade bygningar, infrastruktur og næring, har det direkte og indirekte kostnader for kommunen og lokalt næringsliv.

Tiltaka for å redusere fysisk risiko, vil hjelpe til å tilpasse oss klimaendringane. I Vestland vert naturbaserte løysingar prioritert for klimatilpassing. Naturbaserte løysingar kan både vere effektive, ha låg kostnad og ha positiv effekt på andre typar risiko. Tipsa under er henta frå denne  rapporten om naturbaserte løysingar for klimatilpassing (pdf) , bestilt av Miljødirektoratet.

Overvatn og flaum i Jølstra 2022.

  • Opne vassløysningar
    • Opne bekkar
    • Ta vare på våtmark
    • Etablere permeable kvistdammar
  • Ta vare på, etablere og restaurere vegetasjon og naturområde
    • Ta vare på og reetablere kantvegetasjon
    • Ta vare på og reetablere skog, spesielt med gamalskog og i skredutsette område
    • Ta vare på myr
    • Unngå utbygging på naturlege areal
    • Inkluder omsyn til omkringliggande område i arealbruksendringar: har omkringliggande område kapasitet til å ta imot overflatevatn frå området?
    • Kontrollert brenning av kystlynghei
    • Riktig skjøtsel av kulturlandskap
    • Ta vare på genetisk mangfald
    • Bruk tørketolerante planter der det er relevant
  • Blå-grøn infrastruktur
    • Etabler parkar og anna urban natur med vassvegar
    • Etabler vegetasjon på tak og veggar
    • Etabler grøne korridorar
    • Bruk lokale arter til plantning
    • Re-naturaliser grå infrastruktur
  • Auke infiltrasjon av nedbør
    • Vegetasjonskledde nedbørsfelt
    • Graskledde avløpsgrøfter
    • Regnbed
  • Fordrøying av nedbør
    • Overvassdam
    • Filterbasseng
  • Avleiing av nedbør
    • Etabler tørr renne
  • I strandsona
    • Unngå utbygging i strandsona
    • Etabler sanddyner og strandparkløysingar
    • Ta vare på og restaurer hav og kystnatur, som strand og sumpskogmark, tang og tarebelte og strandvegetasjon
Bilete tatt i midten av ein elv etter flaum

Meir nedbør vil krev meire plass i vannvegane og kan føra til erosion av elvekantar. Bilete er etter flaumen i Utvik i Stryn.


Ansvarsrisiko

Klimaforandringane skaper også risiko knytt til økonomi og samfunn. Kommunen kan ha ansvar for klimarelaterte skader eller tap dersom dei tillèt bygging i utsette områder. Antal søksmål mot kommunar er forventa å auke, etterkvart som ekstremvêr auka i styrke og frekvens. Tipsa under kan hjelpe til å minske kommunen sin ansvarsrisiko:

  • Eksisterande planlegging, bygg og løysingar
    • Revider gamle areal- og reguleringsplanar som kan vere utdatert
    • Sett opp vedlikehaldsplan for eksisterande og nye bygg, og vurder hyppigare vedlikehald
    • Undersøk om eksisterande kulvertar, røyr og andre vassvegar har tilstrekkeleg vassføringskapasitet
    • Ved tiltak i vassdrag bør ein involvere andre relevante eigarar av infrastruktur i vassdraget, til dømes eigarar av bruer og kulvertar nedstraums
    • Bruk statlege støtteordningar for delfinansiering av sikringstiltak (  t.d. NVE  (nettside))
    • Utarbeid beredskapsplan for drikkevasskjelder – fokus på sårbarheit og kvalitet
  • Nybygging og planar
    • Gjer tilstrekkeleg forarbeid før det gis byggetillating
    • Etabler rutinar/føresegn for klimatilpassing i reguleringsplanar
    • Ikke bygg ut i flaum- og skredutsette område
    • Pass på at ein bruker hensiktsmessige naturbaserte løysingane
    • Fuktsikring: Sett krav til material og løysingar med god fuktrobustheit og lang levetid

Gjennomføringsrisiko

Denne risikoen er knytt til om vedtekne mål for omstillinga ikkje vert nådd. Det kan vere grunna mangelfull støtte eller gjennomføring av tiltak, eller at dei ikkje har ønska effekt. Følgjande punkter kan hjelpe kommunen til høgare sannsyn for gjennomføring:

  •  Følg nasjonale og regionale rettleiarar for klima i kommuneplanar
  • Prioriter lokal medverknad, forankring, kommunikasjon og tilslutning hjå innbyggarane og næringsliv
  • Sjå klimaarbeidet i eit heilskapleg perspektiv, inkluder natur, rettferd og folkehelse
  • Kommuniser nytta av klimatiltaka og tilleggseffektar av naturbaserte løysinga
  • Sats på god kompetanse og kompetanseheving innafor det grøne skifte
  • I politiske sakar: vurder påverknad på miljømessig, økonomisk og sosial berekraft
  • Vurder konsekvens av ikkje å dra i gang klimatiltak
  • Delta aktivt i nettverk og samarbeid med næringsliv, innbyggarar og andre kommunar
Gut som står foran et vegg med en illustrasjon av bølger og en jordklode. Det ser ut som at guten helt jorda.

For å klimaomstillinga kan lykkast må ein fokuserar på lokal medverknad og involvering. Slik kan ein minske gjennomføringsrisikoen i kommunen.


Omstilling- og overgangsrisiko

Skildrar konsekvensane ein kan møte i omstilling til eit klimatilpassa lågutsleppssamfunn. Kostnadar til kommunale investeringar kan auke om dei ikkje blir tatt omsyn til i kommunal planlegging. Dette omfattar også næringslivet, ettersom endringar i regulering, teknologi og brukaråtferd kan påverke konkurransekrafta.

  • Etabler tverrsektor rutinar for klimatilpassing, mål for utsleppskutt og ta omsyn til klimarisiko i all verksemd
  • Sats på innovasjon og sirkulærøkonomi
  • Bruk  grøn finans  (pdf), der klima og natur varetas i investeringar og finansielle avgjersler
  • Sett rammene for eit fleksibelt og mangfaldig næringsliv
  • Bruk  Framtidsverktøyet 2040 frå KS  (nettside)

Vurder kva risiko næringslivet kan ha i lys av klimaendringar. Kommunar og næringsliv kan gjennomgå følgjande refleksjonar for å forebygge denne risikoen:

  • Kva skjer med næringsliv og landbruk viss:
    • Haldingar hos forbrukar endrast, med høgare krav til berekraft og klima?
    • Forbrukar i aukande grad etterspør informasjon om matvarenes karbonavtrykk?
    • Sentrale reguleringar stiller nye krav til klima eller berekraft, t.d. økt pris på utslepp frå maskinpark eller jordbruk?
    • Importvarer vert dyrare eller umoleg å få?
    • Etterspørsel etter animalske produkta frå jordbruket i kommunen fell?
  • Kva skjer med transport og anleggsverksemd viss:
    • Bompeng, nullutsleppssoner og vegprising stig for gods- og persontransport?
    • Offentleg utlysingar stiller krav til fossilfri byggeplass eller rapportering av klimagassutslepp i byggefasar?
    • Etterspørselen frå private prosjekteigar stiller krav til materiellgjenbruk, sirkulære løysingar eller sjølvforsyning av energi i bygg?
  • Kva skjer med varehandel viss:
    • Biltrafikken reduserast i handelssentrum gjennom bomstasjonar, færre parkeringsplassar eller flytting av trafikknutepunkta?
    • Det kjem krav til sirkulærøkonomi og auka resirkulering i detaljhandelen?
Ein arbeider sveisar på eit verkstad

Næringslivet vil bli utsat for både omstillings-, overgangs- og grenseoverskridande risiko i samband med klimaendringane. Ein må forebu seg og minimere risiko.


Grenseoverskridende risiko

Klimautfordringar på andre sida av land- eller kommunegrenser kan ha påverknad for heimkommunen. Redusert matproduksjon i andre land, vassmangel, globale prisendringar, konfliktar og migrasjon vil òg merkast i norske kommunar. Overgangsrisiko og grenseoverskridende risiko er i nokon tilfeller tilnærma lik. Under ser du dømer på kva ein kan arbeide med for å førebygge denne type risiko:

  • Jordvern: Ikkje bygg ut matjord, men sats på lokal landbruk
  • Sats på lokal produksjon og industri
  • Vurder sannsyn for framtidige klimaflyktningar, og planlegg deretter
  • Bruk sirkulære prinsipp i industri og ressursutnytting
  • Bruk lokale økosystemtenester på ein forsvarleg måte

Vurder kva grenseoverskridande risiko næringslivet kan ha i lys av klimaendringane. Kommunar og næringsliv kan gjennomgå følgjande refleksjonar for å forebygge denne risikoen:

  • Kva skjer med næringsliv og landbruk viss:
    • Næring og sivilsamfunn ikkje er førebudd og informert om korleis dei blir påverka av grenseoverskridane risiko?
    • Ekstremvêr og ødelagt produksjon i andre land reduserar mogleheiten for import av mat, fôr eller materialer?
    • Økosystemtenester kollapsar i andre land, t.d. pollinering, jordsmonnproduksjon eller vassreinsing?
    • Klimaflyktningar skal bu, ha opplæring og arbeidsplasser i kommunen?
  • Kva skjer med transport og anleggsverksemd viss:
    • Det ikkje blir lov å bygge ut matjord av omsyn til matsikkerheit?
    • Det ikkje blir lov å bygge ut lokal natur av omsyn til lokale økosystemtenester?
    • Prisar på materiell og energi stig pga. internasjonale endringar i produksjon?
  • Kva skjer med varehandel viss:
    • Økonomisk ulikskap blant folk stig som følgje av mellom anna prisstiging?
    • Forsyningskjeder blir stoppa eller forsinka grunna konflikt eller ekstremvêr i andre land?
Bilete av Hardangerbrua i fugleperspektiv

Klimaendringanes effektar vil ramme alle land. Grenseoverskridande risiko kan ramme kommunen når produktionenog forsyningkjeden i andre land påverkast af klimaendringane.


Naturmangfald

Klima- og naturkrisen heng uløyseleg saman og må løysast som ei felles utfordring. Vern og styrking av naturmangfaldet spelar ei nøkkelrolle på vegen mot eit lågutsleppsamfunn, der balanse mellom menneskje og natur er avgjerande.

Naturen har ein eigenverdi, men den har også stor verdi for oss og vårt samfunn gjennom økosystemtenester. Det er dei naturgodane vi kan nytte, t.d. naturopplevingar, pollinering i landbruket, vassrenising, karbonlagring og uttak av ressursar som mat, mineral og biomasse. Følgjande punkt kan hjelpe til å ta vare på naturmangfaldet, og dra nytte av alle dei økosystemtenestene ein kan får igjen.

  • Generelle tiltak
    • Lag ein kommunedelplan for naturmangfald
    • Involver innbyggarane i fremming av naturmangfaldet
    • Kommuniser om naturverdiar kommunen har kring seg
    • Implementer naturbaserte løysingar for klimatilpassing
    • Utvikle strategi for bekjempelse av fremmadeartar
    • Følg tiltakshierarkiet (sjå figur under). Dersom beste alternativa blir valgt vekk skal det gjerast greie for.
Bilete av tiltakshierarkiet til miljødirektoratet

Tiltakshierarkiet. Først og fremt skal ein unngå skadevirkningar for miljø og klima. Der det ikkje er mogleg skal ein avgrense skaden, deretter istandsette areal. Kompensasjon er siste utveg. Illustrasjon: Miljødirektoratet

  • Sikre prioriterte naturområde i plan
    • Område med raudlista naturtypar og arter
    • Område som ein kan verna, t.d. gamle økosystem og område med høgt naturmangfald
    • Karbonrike areal, til dømes myr, gamalskog og matjord
    • Samanhengande naturområder og naturlege korridorar
    • Strandsone
    • Viktig kulturlandskap
    • Områda sårbare for menneskeleg inngrep eller deponering
  • Restaurer øydelagde eller degraderte naturområde
    • Område som drenert myr, elv utan kantsoner, sårbare naturtypar, hogd skog  
    • Driv aktiv skjøtsel av kulturlandskap som kystlynghei, seminaturleg eng og slåttemark  
Fire personar som driv med lyngbrenning.

Lyngbrenning eller beite er viktig skjøtsel for å oppretthalde kystlynghei.


Still krav i konsekvensutgreiingar  

  • Still krav om naturtypekartlegging ​
  • Still krav om vurdering av samla klimabelastning
  • Still krav om at konsekvensane for økosystema blir utgreia
  • Stil krav om karbonregnskap knytt til utbygging
  • Still krav om 0-alternativ (kva skjer dersom det ikkje blir utbygging)
  • Stil krav om indirekte og langsiktige verknadar
  • Still krav om verknadar som følgje av klimaendringar

Klimarettferd og folkehelse

Klimakrisa vil påvirke vår helse og levekår. Enkelte grupper skal ikkje ha dårlegare føresetnad for å delta i klimaomstillinga, og klimatiltak må vere rettferdig utforma.

  • Ha brei medverknad i planprosessar, med varierte grupper og demografiar
  • Etabler strategiske og gode rutiner for dialog og involvering
  • Ha tydeleg kommunikasjon om klimatiltak, for å motverke misnøye og polarisering
  • Pass på at klimatiltak er universelt utforma
  • Jobb for eit sosialt berekraftig lågutsleppsamfunn som ikkje aukar økonomiske forskjellar
  • Kople folkehelse til klimaendringa og klimatiltak
  • Vurder sosiale konsekvenser av klimaendringane og klimatiltak
Tre små born i regnkle med ryggen til mens dei hoppar i ei sølepytt

Berekraftig utvikling krever at vi står samla i klimaomstillinga og at ingen vert utelatt.


Les meir regional plan for klima og klimaarbeidet til Vestland fylkeskommune på heimesida vår.

Klimapartnere Vestland er Vestlands største partnerskap av store og små virksomheiter fra offentlig og privat sektor og akademia, som skal vere pådrivare i det grøne skiftet. Bilde er fra signeringsmøte i juni 2021.

Sogndalsfjøra fra lufta med ulike dømer på arealbruk, t.d. bustader, landbruk, vidaregåande skule, parkering, fritidsareal og grøne arealer.

Det er viktig å leggje til rette for syklande og gåande i sentrumsplanlegging.

Her på Steinstø Fruktgard i Hardanger.

Interne rutiner for gjenbruk av møbler bidreg til å redusere indirekte klimagassutslepp. Her blir møblane på tidlegare fylkeshus på Sandsli merket med ein QR-kode som er registert i Loopfront, ein database for sirkulærøkonomi.

Meir nedbør vil krev meire plass i vannvegane og kan føra til erosion av elvekantar. Bilete er etter flaumen i Utvik i Stryn.

For å klimaomstillinga kan lykkast må ein fokuserar på lokal medverknad og involvering. Slik kan ein minske gjennomføringsrisikoen i kommunen.

Næringslivet vil bli utsat for både omstillings-, overgangs- og grenseoverskridande risiko i samband med klimaendringane. Ein må forebu seg og minimere risiko.

Klimaendringanes effektar vil ramme alle land. Grenseoverskridande risiko kan ramme kommunen når produktionenog forsyningkjeden i andre land påverkast af klimaendringane.

Tiltakshierarkiet. Først og fremt skal ein unngå skadevirkningar for miljø og klima. Der det ikkje er mogleg skal ein avgrense skaden, deretter istandsette areal. Kompensasjon er siste utveg. Illustrasjon: Miljødirektoratet

Lyngbrenning eller beite er viktig skjøtsel for å oppretthalde kystlynghei.

Berekraftig utvikling krever at vi står samla i klimaomstillinga og at ingen vert utelatt.