Historielogo

Vil du bli vår nye nabo?

Bygdefolket på Åmdals Verk, Austheii og Skafså ynskjer fleire naboar. Kanskje er det deg eller nokon du kjenner som vil prøvebu bygda vår?

Hei!

Lokalisering av 59°Nord

Velkomen til web-dokumentaren "Vil du bli vår nye nabo?" Denne sida er utarbeidd som del av eit utviklingsprosjekt med namn 59°Nord. Vi er i Tokke kommune i Telemark.

Utviklingsprosjektet har same namn som organisasjonen og er prosjekteigar for 59° Nord, og er er eigd av tre grendelag; Skafså grendelag, Åmdals Verk Vel og Austheii grendelag.

På kartet under er dei tre bygdene i utviklingsprosjektet markert; 1. Skafså, 2. Åmdals Verk og 3. Austheii. Alle ligg alle sør for Dalen, kommunesenteret i Tokke. Åmdals Verk er bygdesenteret i 59°Nord med barnehage og døgnopen matbutikk. Det er her ein har satsa på prøvebustad og ynskjer å legge til rette for fleire tomter.

Skafså, Åmdals Verk og Austheii, tre bygder i Tokke kommune

Prøvebu bygda

På Åmdals Verk kan du leige NYHEIM, ein nybygd prøvebustad, for ein periode på inntil 2,5 år.

Leigeperioden er avgrensa for at flest mogeleg skal kunne få prøvebu bygda vår.

Det kostar kr 9500,- pr mnd. Straum, brøyting og kommunale avgifter kjem i tillegg.

Du kan få teste korleis det er å bu i bygda, skaffe deg arbeid, nytte tida til å finne deg eige hus eller ledig tomt for bygging.

Prøvebustaden ligg sentralt i byggefeltet, med 10 minuttar til "alt";

  • barnehage med plassgaranti
  • samfunnshus med treningsrom
  • fotballbane og ballbinge
  • ljosløype
  • tilrettelagt badeplass med badstove og gapahuk
  • døgnopen matvarebutikk
  • tilrettelagte turvegar

I Vest-Telemark er det vanleg å ha heile regionen som arbeidsmarknad. Lista nedanfor viser avstand frå prøvebustaden til ulike bygdesenter nær Åmdals Verk.

  • 15 min til Dalen
  • 26 min til Vrådal
  • 27 min til Fyresdal
  • 30 min til Åmot
  • 55 min til Kviteseid

Lyst til å prøvebu Nyheim på Åmdals Verk ?

Meld di interesse til Anne Margit Urbø, mobil 482 35 549 eller send e-post amurbo@outlook.com

Pila viser plassering av tomta i byggefeltet.

Dronbilete er tatt sommaren 2023, året før bygging

Hald musepeikaren over markørpunkta for informasjon om stadane.

ligg sentralt på Åmdals Verk og nær til sentrale funksjoner som butikk, idrettsbane, samfunnshus og badeplass.

Kort avstand til ,

Her er det mogeleg å gå på ski direkte frå huset og ut i som blir preparert med trakkemaskin.

Barnehagen har sentral plassering i grenda. Våren 2024 blir "VILL" eit område som barnehagen vil disponere, men som også er fint turmål for småbarnsfamiliar og andre.

Om prøvebustaden

Doktarvegen 46, 3882 Åmdals Verk

  • 3 soverom
  • Kjøkken
  • Bad
  • Stove
  • Tv-stove i 2.etasje
  • Carport
  • Sportsbod
  • Ladar til el-bil

Huset er har eit moderne preg og er tilpassa ein familie.

Prøvebustaden er designa og prosjektert av  Adaptiv Arkitektur   og alle illustrasjonane i denne web-dokumentaren er teikna av dei.

Andre sentrale aktørar i arbeidet med å utvikle, designe og planlegge:

  • Byggherre: 59°Nord
  • Finansiering: Tokke kommune, Vestfold og Telemark fylkeskommune og 59°Nord
  • Prosjektleiing: Høgde AS (Faun Naturforvaltning)
  • Byggeledelse: 59°Nord
  • Arkitekt : Adaptiv Arkitektur AS
  • Totalentreprenør: Rogermoen Råbygg AS
  • Grunnarbeid tomt: Kjell Asbjørn Solberg AS

Prøvebustaden sett frå vegen

Fasaden sett frå innkjørsel

Fasaden sett frå idrettsplassen og samfunnshuset

Fasade frå bakhagen

Rorgemoen Råbygg AS er totalentreprenør for bygging av prøvebustaden. Her er bilete fra verkstaden, og oppstarten av bygginga mars 2024. Foto: Rogermoen Råbygg AS

Under bygging sommaren 2024.

Prøvebustaden - under bygging, august 2024.

Fleire aktørar har vore involvert i prøvebustaden.

Bygge og bu

Husmodellen NYHEIM - 59 °Nord - gratis for dei som vil bygge i Tokke kommune

Prøvebustaden er teikna av Adaptive Arkitektur. Arkitekt Pål Sylwester Witczak har i samarbeid med lokale ungdommar og styringsgruppa forma husmodellen 59°Nord.

Tokke kommune har vore ein sentral finansieringskilde for både planlegging og prosjektering, samt bygging av prøvebustaden. Ein ynskjer å gjere husmodellen NYHEIM - 59°Nord tilgjengeleg for alle som vil bygge i Tokke kommune.

Dersom du kunne tenke deg denne husmodellen - ta kontakt med Anne Margit Urbø, mobil 482 35 549 eller send e-post amurbo@outlook.com for oversending av tekniske teikningar.

Gratis bustadtomter

På høgre side ser du kart som viser ei gulmarkering. Det gule er viser til ledig areal til å bygge på. Dersom det gule laget ikkje visast - gå inn på menylinja, trykk på kartlagt oppe til venstre, trykk derretter på ledigige tomter.

Ledige tomter Skafså

I Skafså er det vist store områder med høve for spreidd utbygging og på Åmdals Verk er det vist til enkelt tomter. Ei av desse tomtene på Åmdals Verk er tomta til prøvebustaden. Blar du deg lengre ned på denne sida, ser du kommunekart med oppdatert oversikt på ledige tomter.

Kartet her viser ledige tomter i Skafså. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å sikre deg ei tomt.

Tokke kommune laga i 2017 ein film av ledige bustadtomter på Åmdals Verk og Skafså. Filmen er frå 2017. Tomtene som er tilgjengelege er markert med grøn flate.

På filmen er det vist til ein barneskule på Åmdals Verk, merk at denne er nedlagt . I dag går elevane fra bygdene Austheii, Skafså og Åmdals Verk på Tokke skule på Dalen. Det er tilbod om skuleskyss med buss.

Ledige bustadtomter Skafså

Ledige tomter Åmdals Verk

Kartet er kommunekartet og skal til ei kvar tid vere oppdatert med ledige tomter.

Kartet her viser ledige tomter på Åmdals Verk. Ta kontakt med kommunen om du er interessert i å sikre deg ei tomt.

Ledige bustadtomter på Austheii

Kontakt Tokke kommune om du er interessert i å sikre deg ei tomt.

Modernisering av eldre bustadhus

Eit alternativ til å bygge nytt hus er å modernisere og pusse opp eldre bustadhus. Det er eit godt alternativ både for lommeboka og for miljøet. I grendene Austheii, Skafså og Åmdals Verk er det fleire eldre hus som tidvis er til salgs.

Vi ynskjer å inspirere til modernisering og gjenbruk ved å ta utgangspunkt i eit konkret hus i området, og vise kva som kan bli gjort for å få eit meir moderne uttrykk og imøtekome ein dagens standard.

Inspirasjonscase - hus frå 1960-talet. Det er eit velholdt og fungerande hus, men utdatert sett i dagens standard. Dagens hus har ein miks av fasadematerialer, det er ein eksponert kjeller i betong eller pussa maur pltaekledning, trekledning og stålplater på taket.

Utviklingsprosjektet 59°Nord har gjennomført ein studie for å sjå på fortetting av Åmdals Verk, og redesign av eldre bustadhus.

Det er valgt å gjere minst mogeleg inngripande endringar på husets hovudform og planløysing.

Kledning, gamle vindauge og tak er skifta ut.

Samanlikn 60-tals huset med eit moderniserte 2024-hus

Tips: Hald musepeikaren over knappen med piler, trykk og drag linja til sidene for å samanlikne.

Planløysing på eksisterande hus frå 1960-talet vs modernisert bustadhus 2024. Trykk på illustrasjonen for å få større visning.

Dei største grepa mot moderniseringer å rive inngangspartiet og veranda. Erstatte med nytt inngangsparti, tilbygg med ny veranda i ein forlengelse av huset si hovedform.

Bygget etterisolerast fra grunnmur opp til taket. Loftet blir kledd igjen og blir isolert til eit kaldtloft (grunna minimal takhøgde).

Prinsipp for energitiltak. Trykk på illustrasjonen for større visning.

Ved rehabilitering og ombruk av eldre bygningar er det eit stort økonomisk og miljømessig potensial å hente ut, men det krever noko meir kjennskap til prosessen av byggherren.

Planlegging. Det er avgjerande å ha ei god tilstandsanalyse, og det er avgjerande at det er gjort av fagkyndige/takstmann. Dette må ligge til grunn før ein vurderer potensialet for ombruk på bygningen og enkelte bygningsdeler.

Prinsipper ved planlegging av ombygging vil vere å ta utgangspunkt i eksisterande planløysing, med bereveggar og plassering av våtrom. Sjå korleis ein kan tilfredstille behov, utan å gjere endringar på desse delane meir enn naudsynt. Det blir viktig å vurdere rombehov. Kva slags behov har huseigar i dag? Korleis kan huset bli tilpassa midlertidige og varige livsløpsbehov utan vesentleg ombygging?

Søknadsprosess. Plan og bygningslova skiljer mellom tiltak som ikkje treng å byggemeldast, og tiltak som må byggemeldast enten av tiltakshavar sjølv eller av ansvarleg foretak.

Har du ein idé om kva du ynskjer å gjere med huset, vil du ved ei førehandskonferanse med kommunen få avklart kva slags krav det er til søknaden for det spesifikke tiltaket. Arkitekt og/eller enkelte entreprenør kan stå som ansvarlege for søknadsprosessen, eller ein kan også ta prosessen i eigne hender. Kommunen kan godkjenne at ein sjølv står ansvarleg for både søknad og byggearbeid på eigen bustad for tiltak innanfor tiltaksklasse 1. Sjølvbyggar bør inneha naudsynt kompetanse for tiltaket, men ein kan også hente inn kompetanse på dei områda ein ikkje beherskar sjølv.

Kostnad - alle val, uansett nybygg eller ombruk, har ein priskonsekvens. Skal ein kome gunstig ut økonomisk må ein vere disiplinert og førebu seg på å måtte prioritere hardt. Ut fra nykeltal i tilgjengelege databaser kan ein basere seg på ein gjennomsnittleg nåpris (2024) på renovering av eldre bustad på ca. 15 000 kr/ m2 og 35 000 kr/ m2 for nybygg (uten kostnad knytt til tomt).

Utviklingspotensial og mogleg fortetting

På illustrasjonen til høgre er det vist potensial for fortetting av eksisterande bustadområde på Åmdals Verk. Tomtene er ei blanding av kommunale og private tomter. Dersom nokon av tomtene er av interesse kan du ta kontakt med Tokke kommune og vise di interesse.

Tommy Vadder ,  T@tokke.kommune.no , tlf: 41 60 33 03 eller 35 07 52 43

Knut Erik Paulsen,  KnutErik.Paulsen@tokke.kommune.no ,  tlf: 90 52 85 86 eller 35 07 52 47

Døme på utvikling fortetta og felles bumiljø

Døme på fellesområde.

Reguleringsplanarbeid Åmdals Verk

Tokke kommune har som mål å starte reguleringsplanarbeid for heile Åmdals Verk i 2025. I samband med denne planen vil det bli sett på fortetting av eksisterande byggefelt, samt andre aktuelle tomter for å bygge bustader .

Barnehage- og skuletilbod

På Åmdals Verk er det barnehagegaranti

Barnehagejente fra opninga av Malmvegen og her ser ein godt motiva som ungane har laga.

Barnehagen ligg sentralt på Åmdals Verk, og naturen er leikeområdet. Skianlegg og turar rett utanfor døra er viktige kvalitetar.

Ungane får ofte ha nærkontakt med dyr og dei tilsette er gode på å skape unike opplevingar for dei minste. Rideturer, dyrestell og kos er ein viktig del av det pedagogiske opplegget på Åmdals Verk.

Barnehagen har fått sin eigen barnehageplass, plassen "VILL", eit turmål på veg opp til badeplassen ved Åmlivatn. Her ser dei "heimatt" til barnehagen og utover villreinfjella. Bakveggen til benken er teikningar fra barnehagebarna, skore ut av vidaregåande elevar på Vest-Telemark vgs.

Kontakt gjerne styrar i barnehagen om du har spørsmål. Meir informasjon om barnehagen finn du her på nettsidene til Tokke kommune.  Trykk her!  

Kristine Berthelsen Telefon: 41 02 15 63  Epost:  kristine.berthelsen@tokke.kommune.no 

Søk barnehageplass her:  https://foresatt.visma.no/tokke   

Kart som viser barnehagen på Åmdals Verk sitt område. Dei brukar nærområdet aktivt.

Åmdals Verk barnehage er ein fantastisk stad for ungane

Tokke skule

Tokke Skule ligg tett inntil kulturhus med mellom anna bibliotek og symjebasseng.

Tokke skule er ein kombinera barne- og ungdomskule. Det er omlag 170 elevar på skulen. Elevane i barneskulen kjem frå Skafså, Byrte, Mo, Åmdals verk og Dalen. Skulen har skulefritidsordning for 1. - 4. klasse. Meir informasjon om skulen finn du på Tokke kommune sine sider.  Trykk her!  

Tokke skule skal bli oppgradert, omfanget er førebels ikkje avklart. Byggestart er etter planen 2025, med mål om ferdigstilling til skolestart 2026.

Vest-Telemark Vidaregåande skule

Vidaregåande ligg tett inntil Tokke Skule og idrettsanlegg i kommunen.

Vest-Telemark vidaregåande skule på Dalen tilbyr ulike utdanningsprogram som studiespesialisering, helse- og oppvekstfag, teknologi og industrifag, samt yrkesfaglege studieretningar. I tillegg nettundervisning og voksenopplæring .Vest-Telemark vidaregåande skule legg vekt på å gi elevane eit trygt og godt læringsmiljø, med fokus på tilpassa opplæring og nærkontakt mellom lærar og elev. Skulen har også eit aktivt elevmiljø med fleire fritidstilbod og moglegheiter for deltaking i ulike prosjekt og aktivitetar.

Jobb og næring

Drive eigen næring i Tokke?

Ta kontakt med næringsansvarleg i Tokke kommune for råd og bistand i samband med etablering eller om du tenkjer å flytte med deg verksemda di. Sjekk ut kommunen sine eigne sider for næring.

Kontorfellesskap i kommunen

Tokke kommune er arbeidsgjevar for fleire som bur både i Skafså, Åmdals Verk og Austheii.

. I dei gamle lokala til omsorgssenteret på Åmdals Verk kan du no leige deg eit kontor. Ta kontakt med Geir Fles, tlf. 900 85 605 for nærmare informasjon. har fleire ledige kontor til leige, til dei som kan ta med seg jobben sin. Utforsk nettsidene til høgre.

Vest-Telemark som arbeidsregion

Med å bu på Åmdals Verk i prøvebustad eller ein annan stad i kommunen, vil ein kunne ha heile Vest-Telemark som potensiell arbeidsmarknad. Er du på jakt etter jobb, så sjekk også ut ledige stillingar i dei andre kommunane i Vest-Telemark. Linkene nedanfor er innstilt på søk innanfor Vest-Telemark.

Tokke kommune treng folk i ulike sektorar. Kommunen har utarbeidd filmar som viser korleis det er å arbeide i kommunen, innanfor yrke som barnehagelærer, lærar, sjukepleiar og vernepleiar.

Barnehagelærar i Tokke kommune

Lærar i Tokke kommune

Vernepleiar i Tokke kommune

Møteplasser og fritid

Bygdene 59°Nord har mykje å by på, både når det gjeld møteplassar og knytt til lag- og organisasjonsliv. Du vil kunne ha ei aktiv fritid for deg og eventuell familie. Sjekk ut noko av det du kan få oppleve her.

Badeplass Key- Vestø, Åmdals Verk

Badeplass Key- Vestø, Åmdals Verk. Klikk for å utvide.

Key-Vestø - Ein badeplass utanom det vanlege!

Samfunnshuset på Åmdals Verk

Samfunnshuset på Åmdals Verk. Klikk for å utvide.

Universelt tilgjengeleg bygg

Trimrom Åmdals Verk

Trimrom Åmdals Verk . Klikk for å utvide.

I kjellaren på samfunnshuset er det trimrom som medlemmar kan få tilgang til.

Idrettsplassen Åmdals Verk

Idrettsplassen Åmdals Verk. Klikk for å utvide.

Fotballbane, ballbinge, skistadion

Ljosløype, Åmdals Verk

Ljosløype, Åmdals Verk . Klikk for å utvide.

Ljosløypa startar ved samfunnshuset.

Døgnopen butikk

Døgnopen butikk. Klikk for å utvide.

På Åmdals Verk har ein butikkensom aldri stenger! Nærbutikken er open 365 dager, heile døgnet. Her får du det du treng til din daglege handel. Det er også mogeleg å finne produkt frå lokale leverandører og produsentar. Butikken har i tillegg tipping, nøkkeloppbevaring, apotekvarer og ein triveleg kaffikrok. På dagtid er butikken bemanna og kjøpmannen yter god service til kundane som er innom.

Gruveparken

Gruveparken . Klikk for å utvide.

Gruveparken vart i si tid anlagt av John Daw, direktør ved Åmdals Verk gruver på 1870-80 talet. Parken omkransa den vakre Direktørboligen, og er i dag eit flott velstelt område sentralt på Åmdals Verk. Parken er omgjevnadane for skodespelet som blir vist på Rallardagen, kvart år i juni.

Badeplassen i Skafså

Badeplassen i Skafså . Klikk for å utvide.

Ei perle for rekreasjon og leik. Tilrettelagt sandstrand med flytebrygge og flåte i vatnet. Skiftebu og utedo.

Løkka i Skafså

Løkka i Skafså . Klikk for å utvide.

Samlingsstad for aktivitetar sommar og vinterstid, mellom Svingen og kyrkja. Startpunkt for ljosløypa.

Ljosløype Skafså

Ljosløype Skafså . Klikk for å utvide.

Ljosløypa er ei rundløype, med ulike sløyfer ein kan ta. Eit fint startpunkt for turen er ved løkka i Skafså eller frå kyrkja. Stor parkeringsplass ved grendehuset i Skafså. Løypa går gjennom eit varierande landskap, frå skogsområder til meir opne myrar. Fin tur for små og store.

Trimrom Skafså

Trimrom Skafså. Klikk for å utvide.

På grendehuset i Skafså kan du få deg ei god treningsøkt, aleine eller i lag med andre. Organisering av tilgang til rommet og drift er det Skafså Trim og grendelag som handterer .

Motorcrossbane

Motorcrossbane . Klikk for å utvide.

Skafså Motorklubb er ansvarlege for aktivitet på banen i Skafså, både på barmark og vinterstid. Her blir det arrangert crosscamp, snøscooterkurs, drag og race. Dei har arrangement for ulike målgrupper.

Grendehuset på Austheii

Grendehuset på Austheii . Klikk for å utvide.

Den gamle barnehagen på Austheii blir no bruka som grendehus og selskapslokale. Nyoppussa kjøkken og nyinnkjøpte møbler gjer dette til ein flott og funksjonell møteplass i grenda.

Balløkka på Austheii

Balløkka på Austheii . Klikk for å utvide.

Ei balløkke og ein sitteplass er plassert sentralt på Austheii, like nedanfor grendehuset.

Brygga i Bandaksli

Brygga i Bandaksli. Klikk for å utvide.

Brygga i Bandaksli litt tett inntil Telemarkskanalen. Her finn du ein soveboks, eit overnattingskonsept, egna for syklister langs nasjonal sykkelrute 2 (som går innom Bandaksli), og folk som padler på kanalen. Det er plass til 4 stykk. Her er det også fotoutstilling fra gamle dager.

Skjotebane

Skjotebane . Klikk for å utvide.

Utandørs skjotebane lokalisera på Austheii. Det er Austheii skyttarlag som driftar denne. Banen er 100 meter lang. Det er skjoting på banen i juni og august, fredager kl.18.00-20.00. Det er mogeleg å ta skyteprøve for storvilt på Aushteii.

Badeplass Key- Vestø, Åmdals Verk

Key-Vestø - Ein badeplass utanom det vanlege!

Tilrettelagt badeplass med toalett, badstove og gapahuk, sandvolleyballbane, betongrampe ut i vatnet for rullestol, flåte i vatnet.

Kan køyre bil heilt fram, legg merke til at vegen er grusa og bratt.

Samfunnshuset på Åmdals Verk

Universelt tilgjengeleg bygg

Storsal, kjøkken, treningsrom og garderober

Få oversikt over aktivitetar på samfunnshuset. Last ned appen Infoskjermen GO og legg inn koden DOWS3Q:  https://app.infoskjermen.no/go/D0WS3Q 

Kapasitet til 185 stk (med bord og stolar) og 265 stk (utan bord og stolar).

Trimrom Åmdals Verk

I kjellaren på samfunnshuset er det trimrom som medlemmar kan få tilgang til.

Idrettsplassen Åmdals Verk

Fotballbane, ballbinge, skistadion

Ljosløype, Åmdals Verk

Ljosløypa startar ved samfunnshuset.

Døgnopen butikk

På Åmdals Verk har ein butikkensom aldri stenger! Nærbutikken er open 365 dager, heile døgnet. Her får du det du treng til din daglege handel. Det er også mogeleg å finne produkt frå lokale leverandører og produsentar. Butikken har i tillegg tipping, nøkkeloppbevaring, apotekvarer og ein triveleg kaffikrok. På dagtid er butikken bemanna og kjøpmannen yter god service til kundane som er innom.

Fylg med på Facebooksida for oppdatering ;  https://www.facebook.com/Amdalsverkdaglegvare 

Gruveparken

Gruveparken vart i si tid anlagt av John Daw, direktør ved Åmdals Verk gruver på 1870-80 talet. Parken omkransa den vakre Direktørboligen, og er i dag eit flott velstelt område sentralt på Åmdals Verk. Parken er omgjevnadane for skodespelet som blir vist på Rallardagen, kvart år i juni.

Badeplassen i Skafså

Ei perle for rekreasjon og leik. Tilrettelagt sandstrand med flytebrygge og flåte i vatnet. Skiftebu og utedo.

Ca 400 meter frå fylkesveg 38. Kan køyre bil heilt fram.

Løkka i Skafså

Samlingsstad for aktivitetar sommar og vinterstid, mellom Svingen og kyrkja. Startpunkt for ljosløypa.

Ljosløype Skafså

Ljosløypa er ei rundløype, med ulike sløyfer ein kan ta. Eit fint startpunkt for turen er ved løkka i Skafså eller frå kyrkja. Stor parkeringsplass ved grendehuset i Skafså. Løypa går gjennom eit varierande landskap, frå skogsområder til meir opne myrar. Fin tur for små og store.

Trimrom Skafså

På grendehuset i Skafså kan du få deg ei god treningsøkt, aleine eller i lag med andre. Organisering av tilgang til rommet og drift er det Skafså Trim og grendelag som handterer .

Motorcrossbane

Skafså Motorklubb er ansvarlege for aktivitet på banen i Skafså, både på barmark og vinterstid. Her blir det arrangert crosscamp, snøscooterkurs, drag og race. Dei har arrangement for ulike målgrupper.

Vest Telemark Vidaregåande tilbyr  snoscooteropplæring , og kan tilby førarkort klasse S, og då er det banen i Skafså som blir brukt som opplæringsarena.

Grendehuset på Austheii

Den gamle barnehagen på Austheii blir no bruka som grendehus og selskapslokale. Nyoppussa kjøkken og nyinnkjøpte møbler gjer dette til ein flott og funksjonell møteplass i grenda.

Balløkka på Austheii

Ei balløkke og ein sitteplass er plassert sentralt på Austheii, like nedanfor grendehuset.

Brygga i Bandaksli

 Brygga i Bandaksli  litt tett inntil Telemarkskanalen. Her finn du ein soveboks, eit overnattingskonsept, egna for syklister langs nasjonal sykkelrute 2 (som går innom Bandaksli), og folk som padler på kanalen. Det er plass til 4 stykk. Her er det også fotoutstilling fra gamle dager.

Austheii grendelag arrangerar årleg St.Hans feriing på denne brygga.

Skjotebane

Utandørs skjotebane lokalisera på Austheii. Det er Austheii skyttarlag som driftar denne. Banen er 100 meter lang. Det er skjoting på banen i juni og august, fredager kl.18.00-20.00. Det er mogeleg å ta skyteprøve for storvilt på Aushteii.

Aktiv fritid - heile året- 59°Nord

Aktiv fritid

Det er gode moglegheiter for å ha ei aktiv fritid heile året om du bur på Åmdals Verk, Skafså eller Austheii. Du kan ha delta med medlemskap eller engasjement i lag og organisasjonar, eller berre ta del på enkelt arrangement. Fleire av arrangementa har lange tradisjonar og nedanfor er det lista opp arrangement som er faste. I tillegg til organiserte aktivitetar er det flotte turstiar, stolpejakt, gode fiskevatn og varierte toppturer som gjer det mogleg å utøve egenorganisert friluftsliv.

Lista nedanfor viser årlege arrangement som er opent for alle. Desse og andre blir annonsert på  https://www.vest-telemark.no/tokke/  .

Fyrålåmi - Skafsåheia - Åmdals Verk

PALMESUNDAG Skirenn frå Skafså til Åmdals Verk i oppkøyrde løyper. Buss frå Åmdals Verk til Skafså, og basar og suppe på samfunnshuset etter endt skitur

Skramletog på Åmdals Verk

17.mai feiring på Åmdals Verk

Rallardagen og fest i gruveparken på Åmdals Verk

Første helga i juni blir det arrangert Rallardag i Gruveparken på Åmdals Verk. Ein over 30 år lang tradisjon. Gjennom eit skodespel med lokale aktørar, vil ein som publikum få eit innblikk i kvardagslivet til rallarene og deira familiar. G

St.hans feiring i Bandaksli

Austheii grendelag har for tradisjon å arrangere St.hans feiring i Bandaksli. Alle som har lyst er velkomne.

Jolemesse og besøke gruvenissen på Åmdals Verk

Siste helga i november blir det arrangert jolemesse i bygningane til Åmdals Verk gruver. Lokale varer og håndtverkarar stiller ut og sel varer før jol. I tillegg kan små og store vere med på tur inn til gruvenissen

Lag og organisasjonar

Tabellen viser ein oversikt over lag og organisasjonar som ein kan finne. Trykk på namnet å få tilgang til dei ulike gruppene på Facebook. Fylg sidene som er av interesse. Dette er flotte arenaer for å bli kjent med bygdefolket.

Tabellen viser lag og organisasjonar du finn i dei ulike grendene

Tilrettelagte aktivitetar

Malmvegen

Malmvegen er ein turveg frå Åmdals Verk gruver til Åmlivatn (badeplassen ved Key-Vestø). Turen er tilrettelagt med formidling av gruvehistoria, og fylgjer historisk trasé. Her vart malmen frakta med hest og kjerre på veg mot Bandaksli og Telemarkskanalen. I podkasten som er vist til under, kan du høyre lokale eldsjela, Unni Bendiksen fortelje om gruvesamfunnet.

UNNI BENDIKSEN: Åmdals Verk gruver er 254 år med slit og samhald

Rallarane viser veg for turgåarar

Unike markørar viser kor turvegen går frå Åmdals Verk gruver til badeplassen ved Key- Vestø.

Starten på løypa er markert med ein rallar med hakka på skuldra. Museumsbygget er i bakkant og ein ser skinnene som frakta malmen på delar av strekninga.

På steintippen der overskotssteinen vart dumpa er det sett opp ein 3 meter høg rallar som skuer utover den gamle gruvelandsbyen.

Rallaren står ytst på tippen og forsterker opplevinga av det gamle gruveområdet.

På turen kan du ta deg ein kvil på den unike benken, og assosiasjonen tar deg rett tilbake til gruvetida på 1800-talet.

Plakatstativet i bygda har fått støtte av to rallarar, og viser tilbake på gruvetida. Tidvis kan ein også sjå levande rallarer i bygda.

Unikt samarbeidsprosjekt

Markørane er eit resultat av eit unikt samarbeid mellom 59°Nord og Vest-Telemark vidaregåande skule.

Eleven Martin Lundarvollen har laga designet til ei rekke ulike markørar, på bestilling frå prosjektet. Alt arbeidet med produksjon av desse stålmarkørane er utført av elevar og lærarar på den lokale vidaregåande skulen. I avisartikkelen er det meir informasjon.

Designaren Martin Lundarvollen, frå den offisielle opninga av Malmvegen 18.august 2024.

Moderne formidling av historie ved hjelp av QR-kode nær dei ulike markørane.

Identiteten og gruvehistoria står sterkt i bygda, og bygdefolket ynskjer å vise det fram i ei ny drakt.

Utviklingsprosjektet har samarbeidd med Vest-Telemark Museum, det lokale gruvemuseet og Someone AS, om å gjere lokalhistorie meir tilgjengeleg for fleire, også utan om museets åpningstider.

Døme på informasjonen

Formidling av historie knytt til Malmvegen finn ein på Vest-Telemark Museum sin app. Scann QR-koden til høgre, så kjem du inn til appen.

12 ulike punkt langs løypa er markert med aktuelle tema for staden.

For kvart av punkta kan ein få informasjon og illustrasjonar som referer til det aktuelle temaet. Slik som vist her på punkt 11.

I appen kan ein også sjå heile løypa med dei markerte informasjonspunkt .Nummer 1 er ved gruva og nr. 12 oppe ved Åmlivatn. Med georefererte punkt får ein opp varsel når ein er nær punktet.

Unik gevirgolf løype

Malmvegen inneheld ei løype der små og store kan prøve seg på gevirgolf. Her skal ein kaste frisbeeringar på ekte gevir frå reinsdyr og elg. Gevirgolf er eit unikt aktivitetstilbod som ein berre finn på Åmdals Verk.

Gevirgolf

Løypa startar nord for samfunnshuset, og går opp til Åmlivatn. og er markert med eit reinsdyr, som på bilete ovanfor.

Stålfigurane er laga av elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule, på tilsvarande måte som sti-markørane langs Malmvegen.

Frisbeeringane skal kastas på ekte gevir frå reinsdyr og elg

Gevirgolfløypa kan du gjennomføre aleine eller i lag med andre. Du kan ha med eigne ringar eller låne. Denne aktiviteten er med på å gjere turen til toppen meir interessant.

Nær badeplassen, Key Vest-Ø kan du i tillegg prøve deg på trailløype. Ei løype på 0,4 km og i underkant av 70 høgdemeterear. Løypa er delvis laga med maskin og delvis håndbygd.

Alle foto av sykkel og banen er tatt av Knut Midtbø

Traseen ligg nærmare Brattbakken, og Malmvegen, men den er ikkje synleg fra traseen.

Treelement er nytta for å sykle på.

"Heimelaga løype" med doserte svingar

Badstove og gapahuk ved Åmlivatn

Heilt nord på Malmvegen, ved Åmlivatn finn ein nybygd gapahuk og vedfyrt badstove, bygd av Rysstad Laft, og klar til bruk sommaren 2024. Drifta av Åmdal IL og tilgjengeleg for alle.

Skiftebu og toalett finn ein også på plassen. Her kan ein køyre bil heilt opp (avgrensa plassar med parkering).

Rysstad Laft AS prefabrikerte gapahuken og bladstova

Flott og ljos badstove

Utsikt mot Åmlivatn

Badeplassen Key-Vestø

Ein gjeng eldsjeler på Åmdals Verk har lagt ned 750 dugnadstimar og forvandla Vestø ved Åmlivatn frå ein parkeringsplass til ei Florida-inspirert badeperle. – Det heiter Vestø her på denne sida, den store øya ein ser ute i vatnet her kallast Cuba, og den vesle St. Helena. Dette gjorde att nokon som hadde vore på besøk på Key West i Florida, der ein også ser over til Cuba, blei inspirerte og det blei heitande Key-Vest-Ø her, forklarar Knut Urbø.

Norges finaste busskur - ein møteplass

På Åmdals Verk har dei truleg Noregs finaste busskur som i tillegg til å vere ly for dei som skal ta bussen, også kan bli bruka som ein møteplass for ungdomen i bygda.

Åmals Verk vel m.fleire har bidrege for å få i havn prosjektet. Her er bilete fra opninga i august 2024.

Tips til nye i bygda

Nyfødte barn får skipakke av Åmdal IL for å sikre rekruttering!

  • Ta initiativ
  • Delta på aktivitetar/arrangement/
  • Meld deg inn i facebookgrupper for å få informasjon om kva som skjer
  • Vis at du/de har lyst til å vere engasjerte
  • Ver aktiv i lokalsamfunnet
  • Delta gjerne på dugnad - dette er ein viktig møteplass og arena for å bli kjent.

Vi set stor pris på alle nye sambygdingar, og ekstra stas er det med dei aller minste!

Bli med på opne møter på samfunnshuset, få informasjon og delta aktivitet i det som skjer i lokalsamfunnet.

Velkomstministerar

Om du har spørsmål vil vi gjerne at du tar kontakt. Vi har tre velkomstministarar som ynskjer å kome i kontakt med alle nye innbyggjarar for personleg å ynskje velkomen til bygda!

Har du som ny i bygda noko du lurar på, men som du ikkje finn svar på, er det stor sjans for at du finn svaret hjå ein av velkomstministarane, eller dei veit kven som kan hjelpe deg.

Velkomstministarane 59°Nord, frå venstre Inger Synnøve Fles Lie (velkomstminister for Åmdals Verk, Anne Margit Urbø (velkomstminister for Skafså og leiar av 59°Nord), Mia Midtbø (Velkomstminister for Austheii)

Bur du på Åmdals Verk - ta kontakt med Inger Synnøve mobil: 917 23 981 eller på e-post: inger.lie1@telemarkfylke.no

Bur du på Austheii - ta kontakt med Mia Midtbø mobil: 957 25 935 eller send e-post til miasaethermidtbo@gmail.com

Bur du i Skafså - ta kontakt med Anne Margit Urbø mobil: 482 35 549 eller sende e-post til amurbo@outlook.com

Du kan i tillegg ta kontakt med Anne Margit om du har spørsmål knytta til prøvebustaden Nyheim, prosjektet og prosessen. Ho har vore leiar av 59°Nord sidan styringsgruppa til 59°Nord konstituerte seg i 2019.

Web-dokumentaren er utarbeidd av :

Birgith Reinskås Lunden, HØGDE AS (Faun Naturforvaltning)

Barnehagejente fra opninga av Malmvegen og her ser ein godt motiva som ungane har laga.

Tokke Skule ligg tett inntil kulturhus med mellom anna bibliotek og symjebasseng.

Vidaregåande ligg tett inntil Tokke Skule og idrettsanlegg i kommunen.

Nyfødte barn får skipakke av Åmdal IL for å sikre rekruttering!

Bli med på opne møter på samfunnshuset, få informasjon og delta aktivitet i det som skjer i lokalsamfunnet.

Prøvebustaden sett frå vegen

Fasaden sett frå innkjørsel

Fasaden sett frå idrettsplassen og samfunnshuset

Fasade frå bakhagen

Rorgemoen Råbygg AS er totalentreprenør for bygging av prøvebustaden. Her er bilete fra verkstaden, og oppstarten av bygginga mars 2024. Foto: Rogermoen Råbygg AS

Under bygging sommaren 2024.

Prøvebustaden - under bygging, august 2024.

Fleire aktørar har vore involvert i prøvebustaden.

Planløysing på eksisterande hus frå 1960-talet vs modernisert bustadhus 2024. Trykk på illustrasjonen for å få større visning.

Prinsipp for energitiltak. Trykk på illustrasjonen for større visning.

Døme på utvikling fortetta og felles bumiljø

Døme på fellesområde.

Rallaren står ytst på tippen og forsterker opplevinga av det gamle gruveområdet.

Plakatstativet i bygda har fått støtte av to rallarar, og viser tilbake på gruvetida. Tidvis kan ein også sjå levande rallarer i bygda.

Designaren Martin Lundarvollen, frå den offisielle opninga av Malmvegen 18.august 2024.

Døme på informasjonen

Formidling av historie knytt til Malmvegen finn ein på Vest-Telemark Museum sin app. Scann QR-koden til høgre, så kjem du inn til appen.

12 ulike punkt langs løypa er markert med aktuelle tema for staden.

For kvart av punkta kan ein få informasjon og illustrasjonar som referer til det aktuelle temaet. Slik som vist her på punkt 11.

I appen kan ein også sjå heile løypa med dei markerte informasjonspunkt .Nummer 1 er ved gruva og nr. 12 oppe ved Åmlivatn. Med georefererte punkt får ein opp varsel når ein er nær punktet.

Gevirgolf

Frisbeeringane skal kastas på ekte gevir frå reinsdyr og elg

Gevirgolfløypa kan du gjennomføre aleine eller i lag med andre. Du kan ha med eigne ringar eller låne. Denne aktiviteten er med på å gjere turen til toppen meir interessant.

Traseen ligg nærmare Brattbakken, og Malmvegen, men den er ikkje synleg fra traseen.

Treelement er nytta for å sykle på.

"Heimelaga løype" med doserte svingar

Rysstad Laft AS prefabrikerte gapahuken og bladstova

Flott og ljos badstove

Utsikt mot Åmlivatn

Åmals Verk vel m.fleire har bidrege for å få i havn prosjektet. Her er bilete fra opninga i august 2024.